Fagskulen Vestland
|
Nettbasert med samlingar
EX – Elektriske installasjonar i eksplosjonsfarlege område
Søknadsfrist
31. May 2025
Oppstart
5. August 2025
Studiepoeng
10
Deltid
For å kunne arbeide med elektriske installasjonar i eksplosjonsfarlege område (EX), må du fylle ei rekke lovpålagde kompetansekrav. Denne utdanninga dekker dei krava som finst for å kunne utføre EX-arbeid, mellom anna spesifikke bransjekrav frå tilsynsmyndigheiter og godkjenningsorgansom.
Søknadsfrist: 31. mai 2025 (det er løpande opptak)
Oppstart: 5.august 2025
Utdanningsform: Deltid, nett- og samlingsbasert
Varigheit: Eitt semester
Kort om utdanninga:
Studiet er eit nettbasert deltidsstudium, med fysiske samlingar. Mellom samlingane er det eigenstudiar. Emnet gir 10 studiepoeng og ei rekke kursbevis.
Studiet er bygd opp med modular som tar føre seg ulike standardar. Kva modul har med delprøvar og kursbevis.
Sluttvurdering er skriftleg eksamen som gjennomførast fysisk.
Det er oppmøtekrav på samlingane, og tillatt grense for fråvær er på 20 prosent. Dersom du har meir enn 20 prosent fråvær får du ikkje gå opp til eksamen.
Kostnad: Gratis
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!