Programmering står i læreplanen i matematikk – men korleis gjer du det godt i klasserommet? For deg som er matematikklærar i grunnskulen.
Fakta
Studiepoeng: 15
Nivå: Vidareutdanning på bachelornivå
Undervisningsform: Nettbasert
Neste oppstart: 14. januar 2027
Søknadsfrist: 1. desember 2026
Pris: Ingen studieavgift, berre semesteravgift
Arbeidsformer
Studiet er heildigitalt, utan fysiske samlingar. Det er sju digitale samlingar, torsdagar kl. 13.00–15.45: 14. og 28. januar, 4. og 18. februar, 11. mars, 1. og 15. april.
På samlingane er det undervisning, gruppearbeid, framlegg og diskusjon. Mellom samlingane prøver du ut oppgåver og gjennomfører eit utviklingsarbeid med elevane dine, med rettleiing på førehand.
Eksamen
- Digital munnleg eksamen, inntil 30 minutt
- Karakter A–F
- Arbeidskrava må vere godkjende først: deltaking på samlingane, utviklingsarbeid med elevar og ein skriftleg tekst om utviklingsarbeidet (individuelt eller i par)
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller PPU).
Om emnet
Du lærer om algoritmisk tenking og blokk- og tekstbasert programmering, og korleis du kan bruke programmering i matematikkundervisninga. Emnet tek for seg problemløysing, matematiske samtalar og korleis du lagar gode oppgåver. Du prøver ut verktøy som Scratch og micro:bit.
Studiet er nettbasert, så du kan ta det heimanfrå. Vil du heller sitje saman med andre studentar, har vi studentstover i Voss, Øystese, Eidfjord, Ulvik, Odda og Husnes.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no, så svarar vi deg så fort vi kan!
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!