Kva er eigentleg grøn omstilling, og kvifor treng vi henne? Eit kort mikroemne for alle – ta det når det passar deg.
Fakta
Studiepoeng: 2,5
Nivå: Bachelor
Undervisningsform: Nettbasert, utan faste tidspunkt
Neste oppstart: 9. februar 2027
Søknadsfrist: Løpande påmelding fram til ei veke før oppstart, så lenge det er ledige plassar
Pris: Ingen studieavgift, berre semesteravgift (650 kr)
Arbeidsformer
Emnet er heilt nettbasert og går frå februar til april. Det er ingen undervisning på faste dagar eller tidspunkt, så du jobbar når det passar deg.
Eksamen
- Mappevurdering: oppgåver og quizar i kvar modul må leverast og godkjennast
- Ingen avsluttande eksamen
Opptakskrav
Ingen faglege forkunnskapar. Du treng generell studiekompetanse, eller realkompetanse om du er 25 år eller eldre.
Om emnet
Du får ei grunnleggjande innføring i energisystemet og kvifor vi treng ei grøn omstilling. Du lærer å tenkje kritisk om energival, og korleis dei påverkar klima, natur og samfunn.
Har du teke SDG607, SDG617 eller ENERGI670 tidlegare, får du ikkje studiepoeng for dette emnet.
Studiet er nettbasert, så du kan ta det heimanfrå. Vil du heller sitje saman med andre studentar, har vi studentstover i Voss, Øystese, Eidfjord, Ulvik, Odda og Husnes.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no, så svarar vi deg så fort vi kan!
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!