Universitetet i Stavanger

|

Nettbasert

HMS-leiing

Søknadsfrist

1. December 2026

Oppstart

8. February 2027

Studiepoeng

10

Deltid

Emnet gir ei heilskapleg og strategisk innføring i HMS-leiing som ein integrert del av god organisasjonsleiing. Studentane utviklar kunnskap om korleis helse, miljø og tryggleik kan brukast som eit strategisk verkemiddel for å førebyggje risiko, styrkje arbeidsmiljøet og bidra til kontinuerleg forbetring, berekraft og verdiskaping. Emnet kombinerer teori, forsking og praktiske verktøy og viser korleis HMS blir integrert i verksemdstyring, organisasjonskultur og dagleg drift.

Få ei heilskapleg innføring i moderne HMS-leiing, frå risikostyring og beredskap til berekraft og digitalisering.

Fakta

Studiepoeng: 10
Nivå: Bachelor
Undervisningsform: Nettbasert
Neste oppstart: Våren 2027
Søknadsfrist: 01.12.2026
Pris: Inga kursavgift ved bestått eksamen (berre semesteravgift og pensum). Det kjem eit administrasjonsgebyr på 3000 kroner dersom ein trekkjer seg etter trekkfristen eller ikkje gjennomfører eller består eksamen.

Kursinnhald

Emnet er organisert i tolv delar

  • Grunnlaget for HMS-leiing
  • Systematisk HMS-arbeid: rammer, regelverk og organisering
  • Risikostyring og læring frå hendingar
  • HMS-kultur, tryggleikstenking og organisatorisk åtferd
  • Arbeidsmiljø og helse
  • HMS-leiing i praksis
  • HMS-utfordringar i norsk arbeidsliv
  • Krisehandtering, beredskap og sikring
  • Digitalisering, berekraft og framtidas arbeidsliv
  • Miljøleiing i praksis
  • Verktøy og metodar i HMS-arbeidet
  • Prinsipp for effektiv HMS-leiing

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten ha nådd desse læringsmåla:

Kunnskap
Studenten

  • har brei kunnskap om sentrale teoriar, modellar og prinsipp innan HMS-leiing
  • har kunnskap om korleis HMS blir integrert i verksemdstyring, organisasjonsutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid
  • har kunnskap om risikostyring, arbeidsmiljø, tryggleikskultur og organisatorisk læring
  • har kunnskap om aktuelle HMS-utfordringar knytte til digitalisering, berekraft og framtidas arbeidsliv

Ferdigheiter
Studenten kan

  • analysere HMS-utfordringar i ulike verksemder
  • bruke sentrale metodar og verktøy innan systematisk HMS-arbeid
  • gjennomføre enkle risiko- og forbetringsanalysar
  • føreslå, grunngje og prioritere tiltak som styrkjer HMS-arbeidet i verksemda

Arbeidsform

Emnet blir gjennomført som ein kombinasjon av videoførelesingar, digitale læringsaktivitetar, sjølvstudium, refleksjonsoppgåver og arbeid med praktiske case.
Videoførelesingane ligg i Canvas og kan sjåast når det passar for deg.

Les meir her

Spørsmål?

Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!