Universitetet i Stavanger
|
Nettbasert
In english: Innføring i kunstig intelligens (KI) DAT105
Søknadsfrist
1. September 2026
Oppstart
1. September 2026
Studiepoeng
5
Deltid
Eit emne for deg som vil forstå kva kunstig intelligens faktisk er, og kva han duger til i din eigen jobb. Emnet vert undervist på engelsk, og er teksta på norsk.
Fakta
Studiepoeng: 5
Nivå: Bachelor
Undervisningsform: Nettbasert
Neste oppstart: Hausten 2026 (dato kjem frå UiS)
Søknadsfrist: 1. september 2026
Pris: Semesteravgift (ingen studieavgift)
Arbeidsformer
Emnet er heildigitalt og organisert i modular med korte videoforelesingar du ser når det passar deg. Undervisninga går på engelsk, med norsk teksting. UiS tilbyr òg samlingar på campus for dei som ønskjer det.
Eksamen
- Individuell prosjektoppgåve, vekt 1/1
- Du får oppgåva tidleg i semesteret og jobbar med henne parallelt med forelesingane
- Du vel sjølv ei problemstilling frå eige fagfelt, jobb eller studium
- Alle hjelpemiddel er tillatne
- Kan skrivast på norsk eller engelsk
- Bestått / ikkje bestått
Faglærar hjelper til med val av problemstilling om du treng det.
Opptakskrav
Ingen forkunnskapar. Emnet er ope for alle med generell studiekompetanse.
Om emnet
Emnet gir deg grunnlaget for å forstå og kritisk vurdere korleis KI kan brukast i din idé, verksemd, jobb eller studiar. Det er delt i fire sjølvstendige modular:
- Kva KI er, og dei vanlegaste omgrepa i feltet
- Vurderingane du bør gjere før du tek KI i bruk på ei oppgåve
- Generativ KI – ChatGPT og andre verktøy, og beste praksis for bruk
- Etiske problemstillingar ved bruk av KI
Etter fullført emne veit du skilnaden på KI og generell kunstig intelligens (AGI), kjenner omgrep som djup læring, generativ KI og store språkmodellar, og har oversikt over dei viktigaste verktøya. Du kan vurdere om KI eignar seg til å løyse eit konkret problem, sjå kritisk på data KI har produsert, og du kjenner dei juridiske og etiske grensene.
Emneansvarleg er Alvaro Fernandez Quilez, førsteamanuensis ved Institutt for data- og elektroteknologi, UiS.
Emnet er nettbasert, så du kan ta det heimanfrå. Vil du heller sitje saman med andre studentar, har vi studentstover i Voss, Øystese, Eidfjord, Ulvik, Odda og Husnes.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!