Fagskulen Vestland
|
Nettbasert
KI i industrien: Innføring i KI og digitalisering for operatørar
Søknadsfrist
12. January 2027
Oppstart
1. March 2027
Studiepoeng
5
Deltid
Dette emnet gir deg som operatør i industrien ei grunnleggande og praksisnær forståing av kunstig intelligens, digitalisering og automatisering. Emnet ser på korleis KI kan takast i bruk for å forbetre produksjon og vedlikehald.
Varigheit: 2 månader
Utdanningsform: Deltid, nettbasert
Studiepoeng: 5
Søknadsfrist: 12. januar 2027
Neste oppstart: Vår 27
Studieplan: Emneplan
Kostnad: Utdanninga er gratis
Oppbygging og arbeidsmåtar
Emnet er nettbasert med digitale samlingar. I tillegg til deltaking på samlingar, er det forventa at det blir arbeidd med læringsaktivitetar og obligatoriske læringskrav.
Mellom samlingane er det både eigenstudium og lærarstyrte aktivitetar, både synkrone og asynkrone.
Undervisninga legg opp til erfaringsbasert læring med praktiske prosjektbaserte oppgåver.
Det er to obligatoriske arbeidskrav.
Vurdering
Mappevurdering som består av prosjektrapport og videopresentasjon. Det skal vere mogleg å identifisere den enkelte studenten sitt bidrag.
Mappa vert vurdert med Bestått/Ikkje bestått.
Opptak
Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på relevant fagbrev eller realkompetanse.
Realkompetanse
Dersom du er 23 år og har relevant erfaring, kan du søke om opptak med realkompetanse.
Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!