Universitetet i Bergen
|
Nettbasert
DIGI19 KI-system for undervisere
Søknadsfrist
12. October 2026
Oppstart
12. October 2026
Studiepoeng
2,5
Deltid
Korleis kan du som lærar bruke kunstig intelligens (KI) på ein trygg, effektiv og pedagogisk måte? Nytt, nettbasert mikroemne startar opp ved UiB til hausten. Ope for søknader no!
Fakta om studiet:
- Emnekode: DIGI619
- Mikroemne 2,5 studiepoeng
- 100 % nettbasert undervisning
- Undervisning over 7 veker hausten 2026
- Studieavgift kr 2 500,–
- Semesteravgift kr 650,–
- Ingen forkunnskapar naudsynt
- Ope for søknader no
- UiB behandlar dei første søknadene 15. juni
Korleis er studiet lagt opp?
Emnet er eit mikroemne på 2,5 studiepoeng som går over sju veker hausten 2026. All undervising er 100 % nettbasert og føregår via UiB sin læringsplattform Mitt UiB.
- Digitalt oppstartsmøte: måndag 12. oktober kl. 18.00
- Digitalt oppsummeringsmøte: måndag 23. november kl. 18.00
Gjennom dei sju vekene skal du arbeide med ulike digitale læringsaktivitetar og løyse oppgåver. Du skal levere to skriftlege oppgåver, som til saman utgjer eksamensmappa di. Det er ingen avsluttande eksamen i tillegg til dette.
Kva kostar studiet?
Studieavgift
Emnet har ei studieavgift på kr 2 500,– UiB sender ut faktura for studieavgifta rundt studiestart. I utgangspunktet sender dei faktura for studieavgifta til deg personleg. Dersom arbeidsgivaren din skal betale studieavgifta, må arbeidsgivar fylle ut skjema med fakturainformasjon. Du får informasjon om dette når vi sender deg stadfesting på at du har fått studieplass.
Semesteravgift
Alle som skal studere hos oss må i tillegg betale ei lovpålagt, personleg semesteravgift på kr 650,– per semester. Semesteravgifta går til Samen – Studentsamskipnaden på Vestlandet og skal dekkje felles velferdsgode og -tenester for alle studentar.
Du får nærare informasjon om korleis og når du skal betale semesteravgifta når du har fått studieplass.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!