Universitetet i Stavanger

|

Nettbasert

Klimatilpassing og berekraftig omstilling i eit samfunnssikkerhetsperspektiv

UiS_landscape_logo_positive_RGB_English

Søknadsfrist

15. February 2027

Oppstart

8. March 2027

Studiepoeng

15

Deltid

Nye og skjerpa krav til handtering av risiko ved planlegging og gjennomføring av prosjekt og arbeidsprosessar krev større profesjonalitet innan dei fleste område. I verksemder og forvaltninga er det behov for slik kompetanse ved oppfølging av forskrifter om helse, miljø og sikkerheit (HMS), miljøretta helsevern, risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS), deltaking i naudhjelpsoperasjonar og krisehandtering i privat og offentleg regi.

Fakta

Studiepoeng: 4 emne à 15 studiepoeng
Nivå: Bachelor
Undervisningsform: Nettbasert
Pris: Inga kursavgift ved bestått eksamen (berre semesteravgift og pensum). Det kjem eit administrasjonsgebyr på 3000 kroner dersom ein trekkjer seg etter trekkfristen eller ikkje gjennomfører eller består eksamen.
Søknadsfrist: Emne 2 og 3 er fullteikna. Påmelding til emne 1 og 4 kjem 15. januar

Innhald

Det norske samfunnet blir opplevd som trygt for dei fleste av oss. Frå tid til anna oppstår det likevel truslar frå nye og uventa farekjelder, både nasjonalt og internasjonalt, tilsikta og utilsikta.

Slike truslar er gjerne komplekse og meir grenseoverskridande, og dei involverer fleire aktørar enn tidlegare. Truslar mot sikkerheita kan vere både naturskapte og menneskeskapte. Døme er økologiske endringar som påverkar klima og naturtilhøve, endringar i infrastruktur som energi- og vassforsyning, kommunikasjon og transport, men også endringar i sosiale relasjonar og åtferd som kan føre til organisert kriminalitet eller terrorisme.

Klimaendringane er ein slik trussel, og han rammar norske kommunar i stadig større grad. To hovudutfordringar peikar seg ut:

Å handtere verknadene av klimaendringane gjennom ulike former for klimatilpassing.
Omstilling til lågutsleppssamfunnet, der dei samla utsleppa av klimagassar er vesentleg lågare enn i dag.

For kommunane og det lokale næringslivet er det fleire risikoar knytte både til verknadene av klimaendringane og til omstillinga til lågutsleppssamfunnet, jf. rapporten «Klima, risiko og bærekraftig utvikling i norske kommuner» frå Kommunalbanken (KBN) frå 2018. Finanstilsynet peikar òg på behovet for betre kunnskap på området, sett frå eit økonomisk perspektiv.

I overgangen til lågutsleppssamfunnet ligg det store moglegheiter for å utvikle eksisterande og nye miljøvennlege bedrifter. Det er ikkje tenleg for samfunnet å løyse klimakrisa på ein måte som gir økonomisk stagnasjon. Det kan fort føre til fallande investeringar i grøne løysingar og til sosiale skilnader. Fornybar teknologi er éi slik moglegheit til å skape «grøn vekst» og samtidig snu klimaendringane.

Arbeidsform

Alle emna er 100 % nettbaserte. All undervisning går føre seg på nett og kan i stor grad gjennomførast når det passar deg. Det blir tilbod om nokre direktesendte økter per kurs.

4 emne à 15 studiepoeng

Du kan ta emna i den rekkjefølgja du sjølv vil, men vi tilrår å ta dei frå 1 til 4.

  • Emne 1 – Klimautfordringar og samfunnssikkerheit (E-BKB100)
  • Emne 2 – Risikostyring og klimaendringar (E-BKB110)
  • Emne 3 – Beredskap og krisehandtering (E-BKB120)
  • Emne 4 – Bærekraftig omstilling E-BKB130

Eksamen

Individuell heimeeksamen over 14 dagar.
Datoen er ikkje fastsett enno.
Eksamensforma kan bli endra før oppstart.

Les meir her

Spørsmål?

Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!