Fagskolen Diakonova

|

Fysiske og digitale samlingar

Logistikkoordinator

Søknadsfrist

15. April 2025

Oppstart

1. September 2025

Studiepoeng

60

Deltid

Logistikk handlar om mykje meir enn berre fysisk transport; det omfattar òg berekraftige prinsipp som tek omsyn til både miljøet og samfunnet. Det handlar om å optimalisere heile forsyningskjeda, implementere ulike metodar for lagerhandtering og sikre sømlaus koordinering av alle faktorane som bidreg til vellykka distribusjon og levering.

Vår utdanning vil ikkje berre gi deg innsikt i den omfattande kompleksiteten innan logistikk, men vil òg fokusere på strategiar for å oppnå dette på ein kostnadseffektiv og berekraftig måte, der miljø- og samfunnsmessige omsyn er integrerte i heile logistikkprosessen.

Utdanninga inneheld sju emne som til saman gir 60 studiepoeng:

  • Grunnleggjande logistikk, 7,5 studiepoeng
  • Innkjøp og forhandlingar, 7,5 studiepoeng
  • Økonomistyring, 7,5 studiepoeng
  • Berekraft, 7,5 studiepoeng
  • Samferdsel og transportteknikk, 7,5 studiepoeng
  • Digitalisering og endringsleiing, 7,5 studiepoeng
  • Logistikk i verdikjeda, 15 studiepoen

Opptakskrav

  • Fullført vidaregåande med fagbrev/sveinebrev eller generell studiekompetanse
  • Moglegheit for betinga opptak ved planlagt fullføring av fagprøve/sveineprøve
  • Opptak basert på realkompetanse for dei over 23 år
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må dokumentere kompetanse, og søkjarar utanfor Norden må bestå norskprøve på nivå B2

Kostnad: Semesteravgift: Kr 900,- og studieavgift på kr 3 000,- per semester. Resten er dekket av staten, siden dette er offentlig godkjent fagskoleutdanning.

Gjennomføring: Kombinasjon av digitale samlingar på nett og fysiske samlingar på studiestadene.

Stad: Bergen, Bodø, Drammen, Jessheim, Oslo, Sandefjord, Stavanger, Trondheim og Ålesund.

Les meir om studiet

Spørsmål?

Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!