Kva kan brukast om att før bygget blir rive? Lær å kartleggje ombruk og vurdere tilstanden på materiala. Gratis og på nett.
Fakta
Studiepoeng: 5
Nivå: Fagskule
Undervisningsform: Nettbasert, med tre digitale samlingar
Neste oppstart: Januar 2027
Varigheit: To månader
Søknadsfrist: 17. november 2026
Pris: Gratis
Arbeidsformer
Utdanninga er nettbasert på deltid, med tre digitale samlingar kl. 8.15–15.30. Gjesteførelesarar frå Xform, Mycoteam og HVL deler erfaringane sine.
Eksamen
- Mappe med ei individuell skriftleg innlevering og ein individuell videopresentasjon
- Bestått / ikkje bestått
Opptakskrav
Relevant fagbrev. Har du ikkje fagbrev, kan du søkje på realkompetanse dersom du har fylt 23 år og har relevant erfaring.
Om emnet
Du lærer korleis byggjebransjen kan bruke ressursane betre, redusere avfall og auke gjenvinninga av materiale. Emnet er utvikla saman med næringslivet.
Studiet er nettbasert, så du kan ta det heimanfrå. Vil du heller sitje saman med andre studentar, har vi studentstover i Voss, Øystese, Eidfjord, Ulvik, Odda og Husnes.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no, så svarar vi deg så fort vi kan!
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!