Universitetet i Stavanger

|

Nettbasert

Oppfølging når lesing er vanskeleg

Søknadsfrist

1. December 2026

Oppstart

15. February 2027

Studiepoeng

2,5

Deltid

Som ein del av ei nasjonal satsing på lesing, der vi saman må arbeide for auka leseferdigheiter i skulen, tilbyr Nasjonalt lesesenter no mikroemne. Dette emnet er praktisk retta og gir deg 2,5 studiepoeng.

Fakta

Studiepoeng: 2,5

Nivå: Master

Undervisningsform: Nettbasert

Neste oppstart: Februar 2027

Varigheit: Februar – mai 2027

Søknadsfrist: 01. desember 2027

Pris: Emnet er gratis, med unntak av studentbetaling og pensumlitteratur.

Dette nettbaserte mikroemnet rettar seg mot lærarar på 3.–5. trinn som har elevar i klassen som strevar med lesing. Emnet gir deltakarane inngåande kunnskap om kva det vil seie å streve med lesing, og korleis du som lærar kan identifisere utfordringane til elevane og arbeide målretta med tiltak i klassen.

Sentralt i emnet står metoden CORI (Concept-Oriented Reading Instruction) (Wigfield og Guthrie, 2004), ein metode som kombinerer arbeid med leseforståing og motivasjon. Deltakarane lærer å bruke CORI både som tilpassa og intensiv opplæring, og får innsikt i korleis ein kan utvikle interessa for lesing hos elevane og gi støttande tilbakemeldingar.

Mikroemnet legg vekt på overføring til eigen praksis og formidling av forskingsbasert kunnskap. Gjennom tre digitale samlingar og utprøving i eigen klasse får du høve til å prøve ut metodar og reflektere over erfaringane saman med andre lærarar. Du får fagleg påfyll om tema som:

  • korleis lesevanskar kan arte seg
  • korleis tilpassa undervisning kan støtte elevar med svak leseflyt
  • korleis motiverande tilbakemeldingar kan bidra til å styrkje leseglede og meistring

Gjennomføring

Emnet går over tre ettermiddagar og vil innehalde både førelesingar, faglege diskusjonar, workshopar og erfaringsdeling. Mellom samlingane vil det vere eitt obligatorisk arbeidskrav der studentane gjer små utprøvingar i eigen praksis. Undervisninga vil gå føre seg digitalt i Zoom.

Les mer

Spørsmål?

Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!