Utdanninga gir 5 studiepoeng og blir tilbydd nettbasert med éi fysisk samling. Ho er praktisk tilrettelagt for kvardagen, slik at du kan studere når det passar deg. Du vil få moglegheit til å arbeide med reelle, aktuelle problemstillingar og nytte teori i praksis, samt utvikle dine eigne KI-løysingar tilpassa behova til bedrifta. Du kan velje om du ønskjer nettbasert, nettbasert med fysiske samlingar i Bergen eller på Nordfjordeid.
Søknadsfrist: 22. august 2025
Oppstart: Hausten 2025
Varigheit: Eitt semester
Målgruppe: Rådgivarar, prosjekt- og byggjeleiarar, tekniske entreprenørar, leverandørar, samt drifts- og vedlikehaldsleiarar.
Utdanningsform: Deltid, nett- og samlingsbasert
Kort om utdanninga:
I denne utdanninga vil studenten lære meir om korleis vi typisk lærer, kva som skal til for endring, og korleis vi ofte møter det nye med gammalt tankesett. Kva det eigentleg betyr å vere kreativ, og korleis vi kan skape rom for kreativ utvikling i møte med teknologiske nyvinningar som KI. Studenten vil ikkje berre lære om KI, men òg om korleis hen kan bruke og tilpasse KI-løysingar til både eigne og bedrifta sine spesifikke behov. Dette inneber å utvikle skreddarsydde KI-verktøy som er designa for å løyse unike utfordringar i verksemda. Studenten vil utforske dei mange måtane KI kan skape verdi på, og lære å utvikle KI-løysingar som er tilpassa deira eiga bedrift. Ved å forankre KI-strategiar i bedriftskulturen, sikrar ein langsiktig nytteverdi og konkurransefortrinn.
I denne utdanninga vil studenten utforske dei mange måtane KI kan skape verdi på, og lære å utvikle KI-løysingar som er tilpassa deira eiga bedrift. Ved å forankre KI-strategiar i bedriftskulturen, sikrar ein langsiktig nytteverdi og konkurransefortrinn.
Opptak: Fullført relevant fagbrev eller realfagkompetanse
Kostnad: Gratis