Lær å utvikle og bruke KI-løysingar som gir verdi frå dag éin – tilpassa norske forhold og dine behov. Dette nettbaserte studiet gir 5 studiepoeng og er lagt opp for deg med ein travel kvardag. Utdanninga er gratis.
Varigheit: Eitt semester
Utdanningsform: Deltid, nettbasert
Studiepoeng: 5
Søknadsfrist: 21. februar 2026
Neste oppstart:10. mars 2026
Studiestad: Førde
Kunstig intelligens i praksis – frå visjon til nytteverdi
Vil du bruke kunstig intelligens (KI) til å skape konkret verdi i arbeidskvardagen? Denne nettbaserte utdanninga gir deg både forståing og praktiske ferdigheiter i korleis KI kan støtte læring, endring, problemløysing og kreativ utvikling i dagens arbeidsprosessar.
Du lærer ikkje berre om KI – du lærer å utvikle, tilpasse og ta i bruk løysingar som fungerer i di verksemd. Du får konkrete verktøy til å møte både dagens og framtidas krav – enten det handlar om å bygge interne erfaringsdatabasar, effektivisere anbodsprosessar, automatisere manuelle oppgåver eller drive fram innovasjon.
Les meir om utdanninga her