Les latinamerikanske romanar og sjå film – og bli betre i spansk medan du gjer det. Heilt digitalt, eksamen òg.
Fakta
Studiepoeng: 10
Nivå: Bachelor
Undervisningsform: Nettbasert, på kveldstid
Undervisningsspråk: Spansk
Neste oppstart: 25. januar 2027
Søknadsfrist: Løpande opptak så lenge det er ledige plassar
Pris: Ingen studieavgift, berre semesteravgift (650 kr)
Arbeidsformer
Digital undervisning måndag kl. 19.00–20.30 og onsdag kl. 16.00–17.30. Første undervisningsdag er måndag 25. januar, siste er onsdag 28. april. All undervisning går på spansk.
Undervegs leverer du obligatoriske oppgåver på spansk, både skriftlege og munnlege. Dei må vere godkjende før du kan ta eksamen.
Eksamen
- Digital munnleg eksamen på spansk – du treng ikkje reise nokon stad
- Du held ein presentasjon på 10–12 minutt om eit tema du får ei veke før, og blir deretter spurd om eit anna tema frå pensum
- Karakter A–F
Opptakskrav
Generell studiekompetanse. Er du 25 år eller eldre, kan du òg bli teken opp på realkompetanse.
Det er ingen formelle krav til spanskkunnskapar, men sidan all undervisning går på spansk, bør du ha eit visst nivå. [SJEKK: UiB tilrår anten A2 eller B1.]
Om emnet
Emnet tek for seg moderne spanskspråkleg litteratur og kultur, med vekt på latinamerikanske og spanske straumdrag, gjennom eit utval tekstar og filmar.
Du lærer grunnleggjande tekstanalyse, og du blir tryggare på å lese moderne spansk litteratur og uttrykkje deg skriftleg og munnleg på spansk.
Tek du SPLA627, SPLA628 og SPLA629 same semester, har du 30 studiepoeng i spansk. Ifølgje UiB er det minstekravet for å undervise i spansk på ungdomstrinnet (i tillegg til pedagogisk utdanning). Du betaler berre éi semesteravgift, same kor mange emne du tek.
Studiet er nettbasert, så du kan ta det heimanfrå. Vil du heller sitje saman med andre studentar, har vi studentstover i Voss, Øystese, Eidfjord, Ulvik, Odda og Husnes.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no, så svarar vi deg så fort vi kan!
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!