Universitetet i Stavanger

|

Nettbasert

Strategisk og framtidsretta HMS-leiing

Søknadsfrist

1. December 2026

Oppstart

15. February 2027

Studiepoeng

5

Deltid

Emnet gir ei strategisk og framtidsretta innføring i HMS-leiing. Studentane utviklar kunnskap om korleis HMS kan integrerast i verksemdstyring, organisatorisk utvikling, beredskap, endringsarbeid, digitalisering, berekraft og kontinuerleg forbetring.

Få strategisk og framtidsretta HMS-kompetanse – frå endring, beredskap og digitalisering til sentrale HMS-prinsipp for god praksis.

Fakta

Studiepoeng: 5
Nivå: Bachelor
Undervisningsform: Nettbasert
Språk: Norsk
Neste oppstart: Våren 2027
Søknadsfrist: 01.12.2026
Pris: Inga kursavgift ved bestått eksamen (berre semesteravgift og pensum). Det kjem eit administrasjonsgebyr på 3000 kroner dersom ein trekkjer seg etter trekkfristen eller ikkje gjennomfører eller består eksamen.

Kursinnhald

Emnet er teori- og forskingsbasert, medan koplinga til praksis i hovudsak blir teken vare på gjennom pensum. Der blir praktiske verktøy, sentrale prinsipp og ei rekkje case som konkretiserer fagstoffet, presenterte. Det blir lagt særleg vekt på korleis leiarar og verksemder kan møte komplekse HMS-utfordringar og utvikle robuste, lærande og framtidsretta organisasjonar.

Emnet omfattar sju tematiske delar og tolv modular:

Del 1: HMS-leiing i praksis
Varsling i forsvarleg HMS-leiing
Strategisk, operativt og taktisk HMS-arbeid
Endringsleiing og HMS

Del 2: HMS-utfordringar i norsk arbeidsliv
Utvalde HMS-utfordringar i norsk arbeidsliv

Del 3: Krisehandtering, beredskap og sikring
Krisehandtering og beredskap
Sikring

Del 4: Digitalisering, berekraft og framtidas arbeidsliv
Berekraftig innovasjon
Framtidas arbeidsliv
Digitalisering som strategisk HMS-drivar

Del 5: Miljøleiing
Miljøleiing: Frå prinsipp til praksis

Del 6: Verktøy og metodar i HMS-arbeidet
Utvalde verktøy og malar i HMS-arbeidet

Del 7: Prinsipp for effektiv HMS-leiing
100 prinsipp for effektiv HMS-leiing

Læringsutbyte

Kunnskap
Etter fullført emne skal studenten
ha kunnskap om strategiske, operative og taktiske perspektiv på HMS-leiing
ha kunnskap om varsling, endringsleiing, krisehandtering, beredskap og sikring
ha kunnskap om sentrale HMS-utfordringar i norsk arbeidsliv
ha kunnskap om korleis digitalisering, teknologi, berekraft og miljøleiing påverkar HMS-arbeidet
ha kunnskap om prinsipp, metodar og verktøy for utvikling og kontinuerleg forbetring av HMS-arbeidet i verksemda

Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten kunne
analysere strategiske og organisatoriske HMS-utfordringar
vurdere korleis HMS kan integrerast i verksemdstyring, endringsprosessar og beredskapsarbeid
bruke relevante verktøy og prinsipp i HMS- og forbetringsarbeid
analysere moglegheiter og risikoar knytte til digitalisering, teknologi, berekraft og framtidas arbeidsliv
føreslå, grunngje og prioritere tiltak som kan styrkje det strategiske og framtidsretta HMS-arbeidet i verksemda

Arbeidsform

Emnet blir gjennomført som ein kombinasjon av videoførelesingar, digitale læringsaktivitetar, sjølvstudium, refleksjonsoppgåver og arbeid med utvalde case frå pensum. Emnet er organisert i modular som blir gjennomførte i fastsett rekkjefølgje.

Les meir her

Spørsmål?

Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!