Fagskulen Vestland
|
Nettbasert
Teamleiarrolla i praksis – MODUL
Søknadsfrist
25. March 2026
Oppstart
13. April 2026
Studiepoeng
5
Deltid
Korleis vere ein god teamleiar i helse- og omsorgstenesta? Her får du innsikt i rolla sin plass mellom leiing og fag, og korleis etiske prinsipp, pasienttryggleik og HMS påverkar kvardagen i tenesta.
Varigheit: 7 veker
Utdanningsform: Deltid, nettbasert
Studiepoeng: 5
Søknadsfrist: 25. mars 2026
Neste oppstart:13. april 2026
Studiestad: Bergen
Oppbygging og arbeidsmåtar
Modulen er på 5 studiepoeng og er fleksibelt tilrettelagt som deltidsstudium over 7 veker. Det skal vere mogleg å kombinere utdanninga med å vere i full jobb. Utdanninga inneheld ikkje praksis.
Kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse blir utvikla gjennom refleksjonsbaserte læringsaktivitetar, mellom anna arbeid med eigne case frå yrkesutøving di, arbeid med refleksjonsnotat, rettleiing og faglege refleksjonar.
Du skal levere éi caseoppgåve og eitt refleksjonsnotat. Desse får vurderinga «Godkjent» eller «Ikkje godkjent».
Sluttvurdering skjer på grunnlag av dei to innleveringane, med vurdering «Bestått» eller «Ikkje bestått».
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!