Høgskulen på Vestlandet

|

Nettbasert

Vidareutdanning for SFO-tilsette

Søknadsfrist

1. December 2026

Oppstart

1. January 2027

Studiepoeng

7,5 per emne

Deltid

Jobbar du i SFO? No kan du ta studiepoeng gratis, på dagtid og utan å reise nokon stad.

Fakta

Studiepoeng: 7,5 per emne – du kan ta eitt eller begge

Nivå: Vidareutdanning på bachelornivå

Undervisningsform: Nettbasert, på dagtid

Neste oppstart: 19. januar 2027 (Mat og måltidsglede) og 29. januar 2027 (Kunst og kultur)

Søknadsfrist: 1. desember 2026

Pris: Gratis

Våren 2027 kan du velje mellom to emne:

Kunst- og kulturaktivitetar i SFO

Forming, musikk, dans og drama i SFO. Du jobbar med det fysiske miljøet, skapande teknologi, vaksenrolla, song og songleikar, rollespel, prosjektarbeid og drama som metode. Emnet byggjer på rammeplanen for SFO, kapittel 3.3 om kultur.

  • Ti digitale samlingar kl. 9–11, med oppmøteplikt (80 %)
  • Samlingar: 29. januar, 5. og 12. februar, 12. og 19. mars, 2., 9., 16., 23. og 30. april
  • Små oppgåver kvar veke, og ein obligatorisk læringsaktivitet du gjennomfører i eiga SFO
  • Eksamen: Individuell munnleg eksamen, 20 minutt, 14. mai 2027. Bestått / ikkje bestått.

Mat og måltidsglede i SFO

Korleis kan mat- og måltidsaktivitetar styrkje meistring, inkludering, mangfald, medverknad og berekraft i SFO? Du ser òg på vaksenrolla, kreativitet og samtalen rundt bordet.

  • Digital undervisning tysdagar kl. 9.00–10.30, tolv gonger (ikkje veke 8 og 9)
  • Første samling: tysdag 19. januar 2027
  • Erfaringsdeling, refleksjon, gruppearbeid og førelesingar
  • Eksamen: Praktisk eksamen med mat- og måltidsarbeid i eiga SFO, og eit refleksjonsnotat på 1000 ord over fire dagar. Bestått / ikkje bestått.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Du må jobbe i SFO.

Om studiet

Begge emna er knytte til kvardagen i SFO, og mykje av arbeidet gjer du saman med barna på eigen arbeidsplass.

Undervisninga går på dagtid, så snakk med leiaren din om å bruke arbeidstid. Er de fleire frå same kommune, kan de gjerne sitje saman på ei av studentstovene våre i Voss, Øystese, Eidfjord, Ulvik, Odda og Husnes.

Les meir om studiet her

Søk her – vel «Lærer, barnehagelærer og tolking», deretter «Videreutdanning pedagogiskefag/lærerutdanning Vår 2027». Studiekode: 9408. Hugs å velje emne (VSFO804 og/eller VSFO801).

Spørsmål?

Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no, så svarar vi deg så fort vi kan!

Spørsmål?

Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!