UTDANNING

GDPR og personvern

Tilbyder

Universitetet i Bergen

Søknadsfrist

17. jan, 2025

Oppstart

12. feb, 2025

Omfang

Deltid

Undervisning

Nettbasert

Studiepoeng

2,5

Om emnet

Emnet skal gje grunnleggjande kunnskap av personvern og korleis ein skal forholde seg til regelverket både som datasubjekt og behandlingsansvarleg. Deltakarane vil bli kjent med sentrale begrep GDPR nyttar, når GDPR gjeld, prinsipp for behandling av personopplysningar, krav som vert tilt ved ei slik behandling og rettigheter som må respekterast.

Gjennom forklaring av begrep og eksempler gir kurset ei innføring i fylgjande tema:

  • personvernbegrepet og målet med å regulere personvern
  • personvernregleverkets verkeområde og kva som vert definert å utgjera personopplysningar
  • roller i behandling av personopplysningar og respektive plikter og rettigheter
  • personvernprinsippene og korleis dei påverkar behandling av personopplysninger
  • behandlingsgrunnlagene og når behandling ville være lovleg
  • organisering av behandling av personopplysninger, bl.a. risikovurdering, konsekvensvurdering og behandlingsprotokoller

Les heile emnebeskrivelsen

Gjennomføring

Emnet er 100% nettbasert og går over ein periode på 7-8 veker. All undervisning og oppgåveløysing føregår på UiBs digitale læringsplattform Mitt UiB, som du får tilgang til når du er tatt opp som student.

Studiestart: Onsdag 12. februar 2025. 

Det digitale oppstartsmøtet er ikkje obligatorisk, men me oppmodar alle som kan til å delta. Det vil bli lagt ut opptak av oppstartsmøtet i etterkant, for de som ikkje har anledning til å delta direkte.

Emnet er organisert i 6 modular. Til kvar modul er det tekst og digitale forelesninger om tema. Du må løyse 1 oppgåve i kvar modul. Når du har vore gjennom alle modulane, levert alle oppgåvene og fått disse godkjent av faglærar, er emnet fullført og bestått. Fullført emne gir 2,5 studiepoeng.

Emnet er gratis, ein betalar kun ei semesteravgift på kr 650,-.

Førehandspåmeldinga er no fullteikna. UiB opnar for påmelding for alle 15. november.

Interessert?

Registrer deg for å motta meir uforpliktande informasjon. 

Ja, eg vil motta meir informasjon.

8 + 8 =