Om emnet
Kunstig intelligens (KI) vert tatt i bruk på stadig fleire områder i samfunnet, og det er både forventning og bekymring for korleis KI vil påverke denne utviklinga framover.
I dette emnet lærar du om bakgrunnen for denne utviklinga, om nokon av prinsippa bak viktige former for dagens KI, og om nokon av dei utfordringane KI reiser. Gjennom forklaring av begrep og eksemplar gir kurset ei innføring i fylgjande tema:
- Om utviklinga av KI fram til i dag
- Om rolla til data i KI
- Om nokon sentrale tilnærmingar til maskinlæring
- Om generativ KI, mellom anna språkmodellar
- Om KI si rolle i beslutningar
- Om etiske utfordringar og forsøk på å regulere KI
Gjennomføring
Emnet er 100% nettbasert og går over ein periode på 7-8 veker. All undervisning og oppgåveløysing føregår på UiBs digitale læringsplattform Mitt UiB, som du får tilgang til når du er tatt opp som student.
Studiestart: Onsdag 2. april 2025. Digitalt oppstartsmøte kl. 18.00 – 19.00
Det digitale oppstartsmøtet er ikkje obligatorisk, men me oppmodar alle som kan til å delta. Det vil bli lagt ut opptak av oppstartsmøtet i etterkant, for de som ikkje har anledning til å delta direkte.
Emnet er organisert i 6 modular. Til kvar modul er det tekst og digitale forelesninger om tema. Du må løyse 1 oppgåve i kvar modul. Når du har vore gjennom alle modulane, levert alle oppgåvene og fått disse godkjent av faglærar, er emnet fullført og bestått. Fullført emne gir 2,5 studiepoeng.
Emnet er gratis, ein betalar kun ei semesteravgift på kr 650,-.
Førehandspåmeldinga er no fullteikna. UiB opnar for påmelding for alle 15. november.