Jobbar du i helse- og omsorgstenesta og vurderer vidareutdanning? 11. mai kan du delta på eit digitalt informasjonsmøte der du får vite meir om fagskuleutdanningane frå Nasjonalt senter for Aldring og Helse.
Ta kontakt på post@hvkstudiesenter.no for å få deltaking og sjå om dette kan vere ditt neste steg vidare!
Her får du presentert praksisnære utdanningar som:
Praksisnær rettleiing i helse- og omsorgstenesta (10 stp)
Denne utdanninga passar for deg som har – eller ønskjer – ei rettleiande rolle i arbeidshkvardagen. Du får konkrete verktøy til å støtte kollegaer, studentar og nytilsette, og lærer korleis god rettleiing kan bidra til tryggare tilsette og betre tenester.
Demens og utfordrande åtferd (10 stp)
Demens påverkar både den som er sjuk og menneska rundt. I denne utdanninga får du auka forståing for årsaker til utfordrande åtferd, og lærer korleis relasjonsarbeid, miljø og kommunikasjon kan gjere ein stor skilnad i kvardagen – både for pasientar og tilsette.
Utviklingshemming og aldring (årsstudium, 60 stp)
Fleire personar med utviklingshemming lever lenger enn før, noko som stiller nye krav til tenestene. Denne utdanninga gir deg kunnskap om aldringsprosessar, helseutfordringar og tilrettelegging for eldre personar med utviklingshemming – med fokus på verdigheit og livskvalitet.
Kvifor delta på informasjonsmøtet?
Informasjonsmøtet 11. mai gir deg:
– Ei enkel og oversiktleg gjennomgang av utdanningane
– Moglegheit til å stille spørsmål
– Innsikt i korleis studia kan kombinerast med jobb
– Eit betre grunnlag for å velje riktig utdanning for deg
Informasjonsmøtet er heilt uforpliktande og gir deg moglegheit til å stille spørsmål og finne ut kva som passar for deg. Ledige studieplassar blir fylte opp etter kvart, så det kan vere lurt å vere tidleg ute.



















