Førehandspåmelding til vårens digitale emne via UiB

DIGI illustrasjon 2_0

Den raske teknologiske utviklinga gjer at behovet for digital kompetanse aukar. Universitetet i Bergen (UiB) har utvikla fleire små emne som skal gje grunnleggjande innsikt i ulike tema knytt til digitalisering og teknologi. Emna er nettbaserte og går på deltid, slik at du kan ta dei ved sidan av jobb. Kvart emne gir 2,5 studiepoeng og går over 6-9 veker. Pris: semesteravgift på kr. 650,-

Som partnar av UiB tilbyr Hardanger og Voss Næringshage gjennom HVK Studiesenter førehandspåmelding til vårt nettverk frå og med 3. november. Her er det begrensa plassar. Påmelding for ålmenta opnar 16. november.

Fylgjande emne vil gå våren 2026:

  • DIGI610 Fantastiske data: Oppstart 9.februar
  • DIGI612 IKT-sikkerhet/ICT Security: Oppstart midten av mars (uke 11)
  • DIGI614 Grunnkunnskap om kunstig intelligens: Oppstart uke 15

Hausten sine emne vart fullteikna i løpet av kort tid, så her gjeld det å vera tidleg ute. Førehandspåmeldinga er gyldig i perioden 3.november til 16. november. Etter denne datoen vil det bli opna for alle.

Om emna:

DIGI610 Fantastiske data

Grunnleggende kunnskap i kva data og digitalisering gjør med oss og samfunnet vi er ein del av, og å forstå meir av teknologiene som ligg bak.

Les meir: Fantastiske data- HVK Studiesenter

DIGI612 IKT-sikkerhet/ICT Security

Emnet skal gi grunnleggande kunnskap om datasikkerheit og ein introduksjon til verktøy for å identifisere mellom anna dataangrep, sårbarheiter og cybertruslar. Emnet legg vekt på brukarpålogging, data- og nettverkstryggleik

Les meir: DIGI612 IKT-sikkerhet/ICT Security- HVK Studiesenter

DIGI614 Grunnkunnskap om kunstig intelligens

I dette emnet lærer du om bakgrunnen for denne utviklinga, om nokre av prinsippa bak viktige former for dagens KI, og om nokre av utfordringane KI fører med seg.

Les meir her: DIGI614 Grunnkunnskap om kunstig intelligens- HVK Studiesenter

Meld deg på i dag og rust di verksemd for ei digital framtid!

Utdanning – HVK Studiesenter

DIGI illustrasjon 2_0

Førehandspåmelding til haustens DIGI-emne – sikre deg plass no!

social-aldring-og-helse

Nysgjerrig på vidareutdanning innan helse og omsorg? Bli med på digitalt informasjonsmøte 11. mai

Fellesbilde (5)

Fagleg påfyll og politisk synleggjering: Vellykka samling i Bergen

Upscaled with Gigapixel v8.4.4. 1456x816 => 5824x3264 (4x) Model: Standard V2, denoise: 0.6461566385922382, sharpen: 0.3659451183028342, decompression: 0.05667826431660699

Spennande utdanningar frå Fagskulen Vestland