Nytt deltidsstudium startar ved UiB i januar 2026

Design uten navn - 2


Lær meir om framtidas energisystem: Digitalt informasjonsmøte 5.desember.

Energiomstilling og grøn teknologi påverkar alle bransjar, ikkje minst her på Vestlandet. Vi treng fagfolk med oppdatert kompetanse. Vil du lære meir om korleis fornybare energiressursar kan inngå i eit heilskapleg energisystem?
Studiet passar for deg som jobbar med energispørsmål, kraftproduksjon, nett og infrastruktur, rådgiving eller plan- og reguleringsprosessar i offentleg forvaltning.

Tema i studiet:

  • Sol-, vind- og vasskraft
  • Bioenergi og termisk energi
  • Kjernekraft og fossile energikjelder
  • Heilskaplege energisystem
  • Kraftprising og politiske verkemiddel
  • Økonomiske analysar og samfunnsaksept


Bli med på digitalt informasjonsmøte

  • Fredag 5. desember kl. 09:00–09:30
  • Digitalt via Teams
  • Meld deg på her før kl. 08 same dag, så sender vi deg lenke til møtet

Asgeir Sorteberg og Tor Eldevik frå Geofysisk institutt ved UiB presenterer studiet. Du får òg praktisk informasjon om opptakskrav og korleis du søkjer. Vi set av god tid til spørsmål.

Les meir om studiet

Sosial sone

Ny studentstove i Odda – ein stad for læring og fellesskap

Nye nettbaserte masteremne: Menneske og KI i samspel

element5-digital-OyCl7Y4y0Bk-unsplash

Sjå haustens utdanningstilbod

Fabrikk

Bedriftsbesøk hos Ineos Tyssedal