Dette tok vi med oss heim frå Influencer & SoMe Marketing 2026
Kva får folk til å stoppe opp?
14. oktober var HVK Studiesenter på konferansen Influencer & SoMe Marketing, som Kampanje arrangerte i Oslo. Det kan verke rart at eit studiesenter i Hardanger og Voss reiser på marknadsføringskonferanse? Grunnen er enkel: vi får ikkje kompetanseløft i regionen dersom folk ikkje veit kva dei ser etter og kor dei skal leite.
Kvifor vi var der
Vi kjempar om merksemda i den same feeden som dei store merkevarene. Mange vil gjerne ta ei utdanning, men veit ikkje at dei kan gjere det frå Voss, Kvam eller Kvinnherad. Samstundes som arbeidsgivarane ikkje veit at vi kan hjelpe dei med å få skreddarsydd dei studia dei treng. Skal vi nå desse folka, må vi forstå kvar dei leitar etter informasjon, kven dei stolar på og kva som får dei til å melde seg på.
Fem lærdomar
1. Folk stolar på avsendaren, ikkje på kanalen. Vilde Vågsland frå Opinion la fram tal frå UNG2027. Unge stolar på ei nyheit på TikTok fordi ho kjem frå NRK, ikkje fordi ho ligg på TikTok. Når dei søkjer etter informasjon om skule og studium, bruker 37 % søkemotorar og 24 % KI-chatbotar. Over halvparten stolar ikkje på betalte influensarar. WPP Media viste likevel at mange som seier dei ikkje blir påverka, faktisk blir det. Kva folk seier og kva dei gjer, heng altså ikkje alltid saman.
2. Kommentarfeltet er ein del av bodskapen. Mange går rett til kommentarane for å sjekke om eit innlegg er til å stole på. Difor må vi vere til stades der og svare på det folk lurer på.
3. Det viktigaste er at annonsen blir sett, ikkje at han blir likt. TikTok har sett at engasjement på annonsar ikkje heng saman med resultat. Snapchat viste at ein logo som dukkar naturleg opp i filmen, fungerer mykje betre enn ein statisk logo, og at formatet betyr mykje.
4. Fortel kva du kan gjere for folk, ikkje kven du er. NoA | Anorak laga kampanjen for Ruter med utgangspunkt i kva Ruter kan gjere for deg. Dei brukte dei same ansikta over tid og laga ikkje innhaldet med KI. Då innhaldet var KI-laga, fall delen som likte det, frå 56 til 32 %. Målet er at sjåaren tenkjer: «Eg er henne, ho er meg.»
5. KI gjer at alt blir likt. Det må vi bruke til å skilje oss ut. Espen Skogen frå Bloom meinte at KI er mest nyttig til innsikt og planlegging, og mest overvurdert når det gjeld å lage innhald. Han spurde: Kva er det berre vi har? Chilimobil viste korleis ein liten aktør kan utfordre dei store ved å gjere noko anna enn alle andre.
Kva betyr dette for oss?
Vi skal vere tydelege på kven vi er, tenkje kvalitet, hugse at marknadsføring er kanonviktig, halde oss tru til vår eigen stil, tenkje utanfor boksen og vere synlege og lette å finne.
Del denne artikkelen