Tillit i ei ny tid

Blogginnlegg_ bilder til bloggbanneret (1)

12. – 13. oktober var HVK Studiesenter med på Konferanse for høgare utdanning i Oslo, arrangert av HK-dir og NOKUT. Temaet var tillit: korleis han blir skapt og utfordra når læringsformene endrar seg, studentane blir fleire og meir ulike, og kunstig intelligens blir ein del av studiekvardagen.

    Tillit blir skapt mellom menneske
    Filosofiprofessor Einar Duenger Bøhn opna konferansen og fekk salen både til å le og til å undre seg. Eitt poeng sette seg: Vi har ofte større tillit til system enn til menneska vi møter kvar dag.

    Kunnskap må kunne etterprøvast
    Forskings- og høgare utdanningsminister Eileen Fugelsnes peika på at samfunnet blir meir komplekst, og at vi treng meir kompetanse. Tilliten til forskinga må byggjast gjennom openheit, etterprøvbarheit og kvalitet.

    KI: Studentane vil ha retningsliner
    Professor Anders Malthe-Sørenssen fortalde at studentane ikkje først og fremst tenkjer på fusk. Dei lurer på korleis dei kan bruke KI på ein forsvarleg måte. Nokre brukar KI som ei superkraft for å lære betre, medan andre ikkje veit korleis dei skal bruke det. Då aukar skilnadene mellom studentane, og det vil vi ikkje ha. Samtidig må vi framleis bruke hovudet til å tenkje avanserte tankar.

    Frå vidaregåande til høgare utdanning
    Andre del av konferansen handla om gapet mange studentar opplever mellom krava i vidaregåande og forventningane i høgare utdanning. Det gjeld særleg lesing, skriving og det å lære sjølvstendig. Prorektorar frå VID, UiT og NTNU var samde om to ting: Vi må lage gode læringsdesign, og alle må spele på lag.

    Pris til studentpartnarskap
    Utdanningskvalitetsprisen 2026 gjekk til CELL ved Universitetet i Oslo. Dei fekk prisen for ein modell der studentane utviklar utdanninga saman med dei tilsette, ikkje berre tek imot ho.

    Kva tek vi med oss heim?
    Vi må tenkje nytt om læring! Mange som studerer gjennom HVK Studiesenter er vaksne som tek utdanning ved sida av jobb og familie. For nokre er det lenge sidan sist dei studerte. Då betyr det mykje med gode læringsdesign, tydelege rammer for bruk av KI og eit fellesskap der ein bur. Der kan eit lokalt studiesenter gjere ein skilnad.

    Influencer og some marketing

    Dette tok vi med oss heim frå Influencer & SoMe Marketing 2026

    Illustrasjon Silje Heistein Lund FB (3)

    Kompetansekartlegginga er klar!

    Bilde av ikon med logoen til studentstova

    Studentstova på Voss: no bookar du via turistinformasjonen

    IMG_4701

    Oppstart av andre året for barnehagelærarstudentane – for første gong på Voss