Digi-toget susar vidare

Dei to første mikroemna er unnagjort. No ventar ein spennande haust, der både datatryggleik og kunstig intelligens står på den digitale køyreplanen. Skund deg og ta plass.

I korridorane på Universitetet i Bergen snakkar dei framleis om den eksplosjonsarta interessa som råka dei, vinteren 2023/24. Då gjekk invitasjon til dei to første mikroemna i det nye konseptet, «Digital kompetanse for arbeidslivet», ut.

UiB hadde i beste fall sett for seg eit par hundre deltakarar på «Fantastiske data» og «Algoritmar og programmering». Men det tok heilt av. På høvesvis 500 og 400 deltakarar måtte dei setja strek. Då var det allereie hundrevis på venteliste.

Ivrige på Voss

Mange frå distriktet vårt var kjappe på avtrekkaren, og sikra seg plass. Vestland fylkeskommune hadde mobilisert ekstra, og fleire av dei tilsette i den vidaregåande skulen nytta sjansen til å lære meir om fantastiske data. Kva er det? Og kva kan ein nytta det til?

På Voss gymnas var det fire deltakarar. Der både rektor Håvard Vambheim Styve og assisterande rektor Arild Een tok ansvar og viste veg.

Rektorduo. Håvard Vambheim Styve og Arild Een (t. v) var to av fire tilsette på Voss gymnas som også vart studentar i vår.
– Det er viktig å halda seg så oppdatert som mogeleg, i ei tid der utviklinga går veldig fort.
Foto: Vidar Alfarnes

– Den kunstige intelligensen sin inntogsmarsj påverkar sjølvsagt måten me kjem til å drive skule i framtida. Kva skjer med eksamensavviklinga? Kva vurderingsformer vil me ende opp med? Spørsmåla er mange. Utviklinga går veldig fort, og me må gjere vårt for å halda tritt, fortel duoen på Voss.

Positiv respons

Til liks med Bergen Næringsråd, Nordhordland Næringslag, Digital Norway og NAV Vestland, er Hardanger og Voss Næringshage (gjennom HVK Studiesenter), ein av samarbeidspartnarane til UiB i samband med Digi-pakken.

For litt sidan var det samling i Media City Bergen. For å evaluere dei to første kursa, og samstundes få ein presentasjon av dei to neste. Barbara Wasson frå Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE) hadde hovudansvaret for «Fantastiske data».

– Dette vart ei heilt spesiell oppleving. Eg trur aldri at eg har fått så mange og fine tilbakemeldingar på eit kurs, fortel ho.

Smørblid. Barbara Wasson oppsummerte tilbakemeldingane ho hadde fått etter gjennomføringa av emnet «Fantastiske data». Truleg det mest populære kurset i UiB-regi nokon gong. Og der 75 prosent av studentane fullførte. Foto: Vidar Alfarnes

– Spennvidda hos deltakarane var enorm. Men dei aller, aller fleste kom i mål. Særskilt var den litt eldre garde utruleg glade for at dei endeleg fekk tilgang på eit vokabular og ei innsikt som gjorde at dei kunne ta del i samtalar om digitalisering og kunstig intelligens. At kurset både var tilgjengeleg på nett og gratis, gjorde også inntrykk på mange.

Ulik vanskegrad

At det var ein litt mjuk start, viser også gjennomføringsprosenten på heile 75. Det er eit ekstremt høgt tal for eit gratiskurs med 2,5 studiepoeng i potten.

Vanskegraden på kurs nummer to var av eit heilt anna kaliber. Forståing av algoritmar og programmering i Python er vanskeleg. Så vart også sluttresultatet i den andre enden av skalaen. Der berre 25 prosent av deltakarane kom heilt i mål.

Natacha Galmiche var hovudansvarleg for undervisinga. Ho meinte at det i tillegg til å vere vanskeleg, vart det også litt for kort tidsintervall frå påmelding til oppstart. Og at det på dette emnet kunne ha vore nokre fleire møtepunkt mellom studentane og kurshaldaren.

Kampen på nettet

No ventar altså to nye sjansar til å skaffe seg kunnskap og fleire puslebitar med formell IKT-kompetanse. I alle fall for dei som er kjappe med å melde seg på. Og som på kursa i vår, er det ikkje snakk om andre utgifter enn ei semesteravgift på 650 kroner.

Safety first. Det første kurset i haust handlar om IKT-sikkerheit. Oleksandr Kholosha fortalte om innhaldet, og kjem sjølv til å vere kurshaldar. På engelsk. Foto: Vidar Alfarnes

Bak koden DIGI612 finn ein eit kurs som skal gje deltakarane grunnleggande kunnskap om datatryggleik. Samstundes som dei får ein introduksjon i korleis identifisere dataspråk og cyber-trugsmål.

Kurset har oppstart til hausten og vert halde på engelsk.

På godt og vondt

15. oktober er det endeleg klart for kunstig intelligens. Her treng ein ikkje ein gong lure på det vert trongt om plassen, sjølv om inngangsdøra og møtesalen er aldri så digital.

– KI har den seinare tida vorte teken i bruk på stadig fleire områder i samfunnet vårt. Det er både ei forventning og ei uro for korleis den kunstige intelligensen vil påverke utviklinga framover. Dette emnet er ein introduksjon til utviklinga av KI, ei grunnleggande forståing av teknologien bak ulike bruksområde, og vi skal også drøfte nokre av dei etiske og samfunnsmessige utfordringane KI kan reise, røper kurshaldar Dag Elgesem, professor på Informasjons- og medievitskap på UiB.

Både og. 15. oktober startar emnet «Kunstig intelligens».
– Det er både ei forventning og ei uro for korleis den kunstige intelligensen vil påverke utviklinga framover. Det skal vi bruke tid på å finne meir ut av, reklamerer Dag Elgesem. Foto: Vidar Alfarnes.

PS! 10. juni klokka 09.00 startar den ordinære påmeldinga til dei to neste kursa. Fram til sundag 9. juni kan du som les dette melde deg på via HVK Studiesenter si heimeside. Men også der kan det raskt bli fullt.

Av Vidar Alfarnes.

Andre nyhende