Den raske teknologiske utviklinga gjer at behovet for digital kompetanse aukar. Universitetet i Bergen (UiB) har utvikla fleire små emne som skal gje grunnleggjande innsikt i ulike tema knytt til digitalisering og teknologi. Emna er nettbaserte og går på deltid, slik at du kan ta dei ved sidan av jobb. Kvart emne gir 2,5 studiepoeng og går over 6-9 veker. Pris: semesteravgift på kr. 650,-
Som partnar av UiB tilbyr Hardanger og Voss Næringshage gjennom HVK Studiesenter førehandspåmelding til vårt nettverk frå og med 15. mai. Her er det begrensa plassar. Påmelding for ålmenta opnar 2. juni.
Fylgjande emne vil gå hausten 2025:
- DIGI615 Data og demokrati. Oppstart 7. oktober.
- DIGI616 Introduksjon til digital medisin. Oppstart 15. oktober.
- DIGI617 Språkteknologi. Oppstart 21. oktober.
Vårens emne vart fullteikna i løpet av kort tid, så her gjeld det å vera tidleg ute. Førehandspåmeldinga er gyldig i perioden 15. mai til 1. juni. Etter denne datoen vil det bli opna for alle.
Om emna:
DIGI615 Data og demokrati
Forstå korleis digitale plattformer påverkar samfunn, demokrati og informasjonsflyt. Lær om falske nyheiter, algoritmar og personvern – viktig kunnskap for leiarar og andre som jobbar med strategi eller omdømme.
Les meir: Data og demokrati – HVKStudiesenter
DIGI616 Introduksjon til digital medisin
Lær om korleis digital teknologi forvandlar helsesektoren – frå telemedisin og bèrbar teknologi, til kunstig intelligens og elektroniske pasientjournalar. Perfekt for deg som jobbar innan helse, teknologi eller administrasjon.
Les meir: Introduksjon til digital medisin -HVK Studiesenter
DIGI617 Språkteknologi
Få innsikt i korleis språkteknologi fungerer og korleis ho blir brukt til alt frå kundeservice med samtalebotar til dataanalyse og automatisert tekstbehandling. Relevante ferdigheiter for alle som jobbar med kommunikasjon, marknadsføring eller kundeservice.
Les meir her: Språkteknologi – HVK Studiesenter
Meld deg på i dag og rust di verksemd for ei digital framtid!
