13. februar deltok HVK studiesenter på karrieremessa i Bergen. Ein stappfull Grieghall med studentar og bedrifter frå ulike bransjar i heile Vestland.
For HVK Studiesenter er det viktig å synleggjera for studentane i framtida og arbeidstakarar at det er fullt mogleg å studera i regionen. Både med tanke på læringsmiljø og tilrettelegging gjennom studentstovene i dei seks kommunane, og at me i studiesenteret satsar på desentralisert og fleksibel utdanning i nærleiken av der du bur.
Heilt fantastisk at så mange engasjerte studentar tok turen innom regionstanden til Hardanger og Voss for å høyra om kva karriere- og utdanningsmoglegheiter som finst hos oss.
Tusen takk til Framtidsfylket for eit flott arrangement.