Lokale krefter inn i høgare utdanning – barnehagelærarstudentane fekk inspirasjon frå Haugesenteret 

Denne veka vart den andre fysiske samlinga for barnehagelærarstudentane i Kvinnherad, Hardanger og Voss gjennomført – denne gongen i Norheimsund, i rådhuset til Kvam herad. Hannah Belsvik Hansen, faglærar ved Høgskulen på Vestlandet, stod for undervisninga i faget Språk, tekst og matematikk, som blant anna handlar om språkarbeid, lesing og litteratur i barnehagen. Temaet for norskundervisninga under denne samlinga var bruk av bildebøker i barnehagen. 

Eit av høgdepunkta under samlinga var gjesteforelesinga med Anja Haugland Svingen frå Haugesenteret i Ulvik, som heldt ei engasjerande økt om «nynorsk litteraturformidling i barnehagen».  

Haugesenteret er eit museum og formidlingssenter som tek utgangspunkt i diktaren Olav H. Hauge sitt liv og verk, og er ein del av Nynorsk kultursentrum. Senteret har eit særleg fokus på nynorsk litteratur, poesi, lyrikk og musikk, og legg stor vekt på å formidle språkglede og kulturarv til born og unge. 

Anja Haugland Svingen har gjennom arbeidet sitt utvikla eit tett samarbeid med barnehagar og skular i Hardanger og Voss, der ho held lesestunder, tar imot besøk og tilbyr tilpassa undervisningsopplegg. Under samlinga delte ho erfaringar og metodar for korleis ein kan bruke nynorsk litteratur i barnehagen for å skape engasjement, nysgjerrigheit og språkforståing hos barna. 

Hannah Belsvik Hansen, HVL og Anja Haugland Svingen, Haugesenteret

Foto: Hannah Belsvik Hansen, HVL og Anja Haugland Svingen, Haugesenteret

Lokal kompetanse som gir akademisk meirverdi 

At Høgskulen på Vestlandet kan trekke inn lokale fagpersonar og institusjonar som Haugesenteret, viser kor verdifullt det er å bruke lokal kompetanse i akademia. 
Denne forma for samarbeid gjer at studentane får møte fagfolk som kjenner regionen, kulturen og språkleg mangfald – og som kan knyte teori og praksis på ein naturleg måte. 

Slik blir den lokale kompetansen ikkje berre eit tilskot til undervisninga, men ein viktig ressurs som styrker både læringsopplevinga og den akademiske relevansen for studentane.

Foto: Studentane følgjer nøye med på føredraga frå Haugesenteret.

Andre nyhende