Spennande utdanningar frå Fagskulen Vestland

Arbeidslivet er i rask endring. Nye krav til energieffektivisering, digitalisering, leiing og bruk av kunstig intelligens gjer at behovet for oppdatert kompetanse aldri har vore større. No tilbyr Fagskulen Vestland fleire nettbaserte utdanningar og kurs som er utvikla i tett samarbeid med arbeidslivet – for deg som vil styrke kompetansen din utan å setje kvardagen på pause. Ikkje minst er fleire av dei gratis!

Her finn du ei oversikt over utdanningane som no er opne for søknad.

PLS / DDC, mikrokontrollar og koding

Dette emnet gir 12 studiepoeng og kompetanse i programmering og styring av mikrokontrollarsystem til bruk i moderne industri- og byggautomatisering. Studiet er nett- og samlingsbasert, med ei fysisk samling over to dagar i Førde, og er ein del av utdanninga Automatisering.

Søknadsfrist 10. januar  Oppstart 24. februar

🔌Energirådgjevar

Myndigheitene stiller stadig nye krav til energiøkonomisering i bygg. Med denne utdanninga får du 10 studiepoeng som gjev deg kompetanse som energirådgjevar. Utdanninga er gratis.

Søknadsfrist 28. januar  Oppstart 10. februar

 

🏗️ Leiing og produktivitet for bas og lagleiar i bygg og anleggsbransjen

Dette nettbaserte studiet på 5 studiepoeng gir deg praktisk og teoretisk innsikt i korleis du som bas og lagleiar kan bidra til auka produktivitet og betre samhandling på byggeplassen. Du lærer effektive planleggingsmetodar, leiingsverktøy og samhandlingsstrategiar som bidreg til optimal ressursutnytting og framdrift i byggjeprosjekt. Utdanninga er gratis.

Søknadsfrist 15. februar Oppstart 3. mars

🧠 Skreddarsydde KI-system

Lær å utvikle og bruke KI-løysingar som gir verdi frå dag éin – tilpassa norske forhold og dine behov. Dette nettbaserte studiet gir 5 studiepoeng og er lagt opp for deg med ein travel kvardag. Utdanninga er gratis.
Søknadsfrist 21. februar Oppstart 10. mars

🌱 Energieffektivisering og automasjon i bygg – ny fagskuleutdanning (40 studiepoeng)

Studiet Energieffektivisering og automasjon i bygg er ei nettbasert fagskuleutdanning på 40 studiepoeng som går over halvanna år. Målet er å gi fagfolk kompetanse til å redusere energibruk i bygg gjennom forståing av energiflyt, tekniske anlegg og byggautomasjon, utan at det går på kostnad av inneklima og stabil drift.
Søknadsfrist 15. april  Oppstart Hausten 2026

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Andre nyhende