Industriens kompetansefond – ny støtteordning for kompetanseheving i industrien

Frå 2025 får industrien ein ny og viktig moglegheit til å satse på kompetanseutvikling blant tilsette. Industriens kompetansefond er ei statleg støtta ordning som skal bidra til meir etter- og vidareutdanning i industribedrifter som er omfatta av Industrioverenskomsten.

Eit samarbeid mellom partane i arbeidslivet

Fondet er etablert som eit trepartssamarbeid mellom Fellesforbundet, Norsk Industri og staten, og vert forvalta av Fellesforbundet og Norsk Industri.
Ordninga er ein fireårig pilot (2025–2028) der regjeringa bidreg med 100 millionar kroner, medan arbeidsgivarane bidreg med ytterlegare ein tredel av dette beløpet.
Fondet er eit resultat av frontfagsoppgjeret 2024 mellom Fellesforbundet og Norsk Industri, og markerer eit felles løft for kompetanse i industrien.

Støtte til bedrifter som investerer i dei tilsette

Midlane frå kompetansefondet skal i hovudsak gå til lønnsrefusjon for industribedrifter som gir tilsette fri for å delta på kurs og korte kompetansetilbod.
Det betyr at dei tilsette kan ta utdanningsfri utan å miste løn, og bedrifta får økonomisk støtte for å leggje til rette for dette.

Dette er eit viktig tiltak for å styrkje både den enkelte arbeidstakaren si kompetanse og bedrifta si konkurransekraft i møte med ny teknologi og grøn omstilling.

Utdanningstilbod gjennom Fagskulen Vestland

Fleire relevante utdanningstilbod er allereie tilgjengelege gjennom Fagskulen Vestland, der ein kan søkje støtte frå Industriens kompetansefond.

Døme på tilbod:

  • Robotteknologi
  • Elektronikkutvikling
  • Moderne måleteknikk
  • Skreddarsydde KI-system

Slik søkjer du

Bedrifter og tilsette som ønskjer å nytte ordninga, bør setje seg inn i søknadskriteria og vurdere kva for tilbod som passar best for deira behov.


Andre nyhende