Ny prosjektleiar for HVK Studiesenter

Profilbilde Silje mini


Første oktober tok Silje Heistein Lund over som prosjektleiar for HVK Studiesenter. Ho er fast tilsett i Hardanger og Voss Næringshage, og allereie godt i gang med arbeidet saman med prosjektmedarbeidar Amanda Bjørnenak.

Silje har mastergrad i organisasjonsutvikling og psykososialt arbeidsmiljø. Ho har solid erfaring som prosess- og prosjektleiar, og har jobba innan digitalisering, leiarutvikling, endringsprosessar og organisasjons-og tenesteutvikling.

Med bakgrunn frå kontinuerleg forbetringsarbeid, digitalisering og merkevarebygging, og med kreativ kraft frå grafisk design, har ho både strategisk og praktisk erfaring. 

Silje ønskjer å gjere HVK Studiesenter til ein levande møteplass for læring og samarbeid, i tett samspel med kommunar, innbyggjarar og utdanningsinstitusjonar. Målet? Eit økosystem som koplar kompetansebehov med utdanningstilbod – og gir meir verdi lokalt.

Opphavleg frå Stange, men lokka til Voss av Ekstremsportveko i 2016 – der ho dyrkar lidenskapen for ski, terrengsykling og padling. Ein draumestad med alt samla på ein plass!

Influencer og some marketing

Dette tok vi med oss heim frå Influencer & SoMe Marketing 2026

Blogginnlegg_ bilder til bloggbanneret (1)

Tillit i ei ny tid

Illustrasjon Silje Heistein Lund FB (3)

Kompetansekartlegginga er klar!

Bilde av ikon med logoen til studentstova

Studentstova på Voss: no bookar du via turistinformasjonen