Ny studentstove i Odda – ein stad for læring og fellesskap

Sosial sone

Drøymer du om å ta utdanning ved sida av jobb, familie eller andre forpliktingar? No har du ein ny og triveleg studieplass midt i Odda sentrum.

Studentstova i Odda har flytta inn i nye lokale i Eitrheimsvegen 5 i lokala til Næringshagen i Ullensvang, heilt nedst i gågata. Her ønskjer me å leggja til rette for at studentar som tek utdanning skal få ein god stad å studera – nær heimstaden.

I studentstova finn du ein leseplass for individuelt arbeid, anten du skriv oppgåver, førebur deg til eksamen eller følgjer nettundervisning. Lokala er samlokaliserte med eit kontorfellesskap, noko som gir eit levande og sosialt miljø der du kan bli kjend med andre som jobbar og studerer i området.
Har du behov for å følgja digital undervisning saman med medstudentar, eller ønskjer de ein plass å møtast for gruppearbeid? Då kan du nytta klasserommet vårt med plass til opptil 20 personar.

Som brukar av studentstova får du tilgang til:
• Wifi
• Kaffe
• Kjøkken
• Printer
• Leseplass
• Klasserom for undervisning og gruppearbeid

Mange vaksne studentar fortel at det kan vera krevjande å finna ein god balanse mellom studiar og kvardagsliv. Difor ønskjer me å skapa ein stad der det er lett å koma seg ut av heimen, finna arbeidsro og samstundes vera ein del av eit fagleg og sosialt fellesskap.

Klasserom med plass til 20 studentar, kjøkken og lunsjområde.

Næringshagen i Ullensvang har ope måndag til fredag kl. 08.00–16.00, og du er hjarteleg velkomen innom dersom du ønskjer å sjå lokala eller få ei omvising.

Vil du booka studentstova i Odda? Send ein e-post til amanda@nhullensvang.no, så får du informasjon om korleis du får tilgang til bookingsystemet.

Velkomen til studentstova i Odda 📚☕🌿

Nye nettbaserte masteremne: Menneske og KI i samspel

element5-digital-OyCl7Y4y0Bk-unsplash

Sjå haustens utdanningstilbod

Fabrikk

Bedriftsbesøk hos Ineos Tyssedal

DIGI illustrasjon 2_0

Førehandspåmelding til haustens DIGI-emne – sikre deg plass no!