Vi treng di stemme om framtidas kompetanse

Digiemner haust EKSKLUSIV (1)

Frå veke 39 startar HVK Studiesenter ei ny regional kompetansekartlegging i Hardanger, Voss og Kvinnherad. Målet er enkelt: Vi ynskjer å forstå kva kompetanse arbeidslivet vårt treng i åra som kjem.

Difor kan det hende telefonen ringer frå Norstat på vegner av HVK Studiesenter og Opinion. Dette er ikkje telefonsal, men ei kort undersøking som skal hjelpe oss med å utvikle relevante utdanningstilbod og kompetansetiltak for regionen. Intervjuet tek fem minutt.

Kvifor er dette viktig?

Arbeidslivet er i stadig endring. Nye krav til kompetanse, teknologisk utvikling og mangel på kvalifisert arbeidskraft gjer at både private og offentlege verksemder må omstille seg. Samtidig er det avgjerande at utdanningstilboda som blir utvikla, faktisk svarar på behova i regionen.

Erfaringane frå den førre kompetansekartlegginga frå 2024 viser kor viktig kunnskapen frå arbeidslivet er. Kartlegginga avdekte at mange verksemder opplever utfordringar med å finne rett kompetanse, og at behovet for både vidareutdanning og målretta kompetanseheving er stort. Fleire peika også på behov innan leiing, digital kompetanse, fagkompetanse og rekruttering.

Desse resultata har vore eit viktig grunnlag for arbeidet med å utvikle og tilby utdanningar som er relevante for næringslivet i regionen. Men behov endrar seg raskt, og difor treng vi oppdaterte svar frå arbeidslivet også i år.

Di stemme kan påverke framtidas tilbod

Målet med kartlegginga er å få betre innsikt i kva kompetanse verksemdene i Hardanger, Voss og Kvinnherad treng i åra som kjem. Kunnskapen vi samlar inn blir brukt som grunnlag for å utvikle framtidige utdanningstilbod som er relevante for arbeidslivet i regionen.

Ved å setje av fem minutt til undersøkinga, er du med på å påverke kva kompetansetilbod som blir utvikla lokalt. Svara dine kan bidra til at arbeidslivet får tilgang til rett kompetanse, på rett stad og til rett tid, samtidig som vi styrkjer regionen vår for framtida.

Vi veit at kvardagen er travel, og derfor har vi gjort undersøkinga kort og enkel. Dei få minutta du brukar kan vere verdifulle, både for di eiga verksemd og for utviklinga av regionen som heilskap.

Så når Norstat ringer i veke 39 frå mandag 21.september, håper vi du tek telefonen. Di stemme er viktig, og kan vere med på å forme framtidas kompetansetilbod i Hardanger, Voss og Kvinnherad.

Her kan du lese kartlegginga frå 2024

Helselederutdanning_HVK_Åsmund Aarsand_29

22 studentar i gang med helseleiarutdanninga på Voss

Fotokredit: Geir Geitle

To viktige utdanningar snart i gong på Voss

Sosial sone

Ny studentstove i Odda – ein stad for læring og fellesskap

Nye nettbaserte masteremne: Menneske og KI i samspel