22 studentar i gang med helseleiarutdanninga på Voss
For første gong blir helseleiarutdanninga gjennomført på Voss, og denne veka møttest 22 studentar til første samling på Hagahaugen. Dei kjem frå helsetenestene i Voss, Eidfjord, Ulvik, Ullensvang og Vaksdal, og er ei blanding av leiarar, tilsette og rådgjevarar.
HVK Studiesenter er lokal arrangør, Voss herad er vertskommune (ekstra takk til Gullborg Osgjerd Rekve for super innsats!), og utdanninga blir levert av Universitetet i Innlandet. Anja Tjelflaat frå Ambia er kursleiar, og Henriette Melsom var førelesar på den første samlinga.

Ei utdanning som er prøvd ut i heile landet
Helseleiarutdanninga har vore i drift sidan 2012. I løpet av desse åra har rundt 3000 mellom- og avdelingsleiarar frå 215 norske kommunar teke emne i utdanninga, og over 400 emne er gjennomførte. Den har tidlegare vore gjennomført i Ulvik. Grunnprinsippet er enkelt, men uvanleg: her blir praksis knytt til teori, ikkje omvendt. Studentane tek med seg sin eigen arbeidskvardag inn i undervisninga, og refleksjonen over eigen praksis er det som skaper varig endring.
Første emne heiter «Ledelse av myndiggjorte medarbeidere og utvikling av lederferdigheter» og gir 7,5 studiepoeng. Tema er relasjonell leiing, korleis ein leier medarbeidarar med reelt handlingsrom, utvikling av personlege leiarferdigheiter og dei leiingsdilemma som er særeigne for kommunal sektor.
Slik er opplegget
Kvart emne har to fysiske samlingar over to dagar, med fem til åtte veker mellom. Mellom samlingane arbeider studentane i basisgrupper med ei obligatorisk innleveringsoppgåve, og eksamen er individuell og går ti verkedagar etter siste samling. Nokre vel å ta emnet utan eksamen, for læring og utvikling, og får kursbevis. Til saman kan åtte emne gi 60 studiepoeng, som er godkjent som årseining i ein bachelorgrad.
Det lokale er ikkje ein detalj

Det som gjekk att i tilbakemeldingane frå studentane på første samling, var kor avgjerande det er at utdanninga kjem hit.
«Med tre ungar og gard, må eg kunne studere der eg bur. Det er aktivitetar for ungane, gardsdrift og eg skal vere tilgjengeleg på jobb i helsesektoren.
Å ta studiet desentralisert er heilt avgjerande for at eg skal klare det saman med alt som skjer elles.»
May Elisabeth Bolstad, Voss
«Fantastisk moglegheit å få når vi er godt vaksne. Hadde nok ikkje blitt gjort elles.
Vi er heldige som får vere med på dette.»
Edith Sivertsen, Ullensvang
«Eg tek denne utdanninga for å bli betre i rolla eg har og for å formalisere kompetansen min. Denne kompetansehevinga kan eg ta det fordi undervisinga er her på Voss. Det er veldig bra.
Kjekt at vi får moglegheita.»
Sven Åge Petterson, Voss
Det er nettopp dette HVK Studiesenter er til for: at ein ikkje skal måtte flytte, pendle eller leggje livet om for å ta høgare utdanning. Kompetansen skal kome dit folk bur og arbeider.
Første samling er gjennomført. Neste samling er i oktober, og vi gler oss til å følgje kullet vidare.
Del denne artikkelen