Den som ikkje har meldt seg på, den må stå!
Kva vil du lære i 2027? 📚
Over 30 fleksible studium og emne startar opp frå no og fram til april. Dette er etter- og vidareutdanning for alle som treng eit kompetanseløft: på deltid, i hovudsak på nett, og mogleg å ta ved sidan av jobb og familieliv.
🔧 Industri, energi og bygg: lysbogerisiko, ombrukskartlegging, elektrifisering av fritidsbåtar, cybersikkerheit og KI for operatørar, KI i energisystem
🩺 Helse og omsorg: mentor i helsetenesta, miljøarbeid ved utviklingshemming, folkehelsearbeid, konflikthandtering, sorg og traume, seksuell helse
🍎 Oppvekst: relasjonsarbeid, SFO, observasjon i barnehagen, lesevanskar, programmering, fysisk aktiv læring, 3D-printing, digital kulturskule, emosjonell læring
📋 Leiing: HMS-leiing (tre emne) og innovasjonsleiing
💻 Digitalisering og KI: cybersikkerheit, digital kompetanse for arbeidslivet, skapande samspel med KI
🍏 Reiseliv og mat: Norsk pommelierutdanning i Ulvik
🌍 Klima og samfunn: grøn omstilling, blå natur, klimatilpassing, Ukraina
📅 Korte fristar: 17. november (ombrukskartlegging), 27. november (pommelier) og 1. desember.
Del denne artikkelen