Heile 58 personar søkte om opptak til barnehagelærarutdanninga i Hardanger- og Voss regionen. No er opptaket stengt, og utdanninga er full. -Dette er svært gledelege tal og viser viktigheita av å få til høgare utdanningar i distrikta, seier Sofie Torlei Olsen, prosjektleiar for HVK Studiesenter.
Laurdag 1. mars gjekk søknadsfristen til barnehagelærarutdanninga i Hardanger- og Voss regionen ut. Målsetjinga har heile vegen vore å nå minimum 30 søkjarar, som er kravet til Høgskulen på Vestlandet (HVL). Med nesten dobbelt så mange søkjarar, er det ikkje lenger noko tvil om at det vert oppstart til hausten.
– Dette er ein kollektiv siger der ein ser at samarbeid på tvers av kommunegrenser, samt den koordinatorrolla HVK Studiesenter har, gjev effekt. Dei siste åra har barnehagelærarutdanninga opplevd ei betydeleg nedgang i rekruttering. Difor er det ekstra positivt at me ser ein motsett trend i vår region, med ei auka interesse for utdanninga. Det viser også at det å tilby utdanninga til folk der dei bur vert meir og meir viktig framover, seier Torlei Olsen.
Frå rekruttering til studentstover og vikarjakt
Jobben med å rekruttera nok studentar har gått over lengre tid, og har gjeve resultat. No startar arbeidet med å leggja til rette for dei framtidige studentane, samt sikre nok personell i barnehagane når dei tilsette skal på skulebenken.
– Me veit at mange som startar på denne utdanninga ikkje har vore student på mange år. Difor er det ekstra viktig for oss å leggje til rette for at dei som ynskjer kan fylgja digital undervisning saman, og skapa små og lokale studentmiljø på dei seks ulike studentstovene våre. Her har me også leseplassar og moglegheit for å samarbeida med andre, seier Torlei Olsen.
Utdanninga er ei deltidsutdanning over fire år. Kvart semester skal studentane delta på tre fysiske samlingar à tre dagar, ha tre veker praksis og 4-6 digitale samlingar. Det betyr at barnehagane der studentane allereie jobbar som assistentar eller tilsvarande har eit auka behov for vikarar dei neste åra.
-Barnehagane slit allereie med bemanning og nok kvalifisert personell. Me veit det vert ei ytterlegare utfordring dei komande åra, men samstundes er det ein særs god investering i framtida. Saman med fagrørsla og kommunane har me diskutert ulike moglegheiter for korleis ein skal få tak i nok vikarar, og ei av moglegheitene kan vera å fri til pensjonerte barnehagelærarar. Me håpar fleire ynskjer å bidra til ei så viktig sak, avsluttar Torlei Olsen.