Torsdag 18. april fekk HVK Studiesenter besøk av minister for høgare utdanning og forsking, Oddmund Hoel. Her fekk han blant anna sjå den heilt nyoppretta studentstova på Voss.
Bakgrunnen for besøket var at regjeringa gir 50 millioner kroner til studiesentre over landet, der HVK Studiesenter er eitt av dei som mottek støtte. Studiesentra skal tilby fleksibel utdanning der folk bur, og basere utdanningstilboda basert på det regionale næringslivets behov.
Oddmund Hoel fekk fyrst ei omvising av den heilt nyetablerte studentstova på Voss. Den er lokalisert saman med Turistinformasjonen på Gondolbygget, og skal som dei fem andre studentstovene HVK Studiesenter tilbyr, vera eit gratistilbod for studentar som både bur permanent i regionen, er på besøk, eller som er heime i kortare eller lengre periodar.
Studentstova på Voss. Foto: Åsmund Aarsand
Samarbeid er nøkkelen til suksess
HVK Studiesenter starta som eit utdanningsprosjekt i 2020, men er no etablert som eitt av fire studiesenter i Vestland. HVK Studiesenter dekkjer kommunane Eidfjord, Kvam, Kvinnherad, Ullensvang, Ulvik og Voss. Nettopp det å få samla dei seks kommunane til å samarbeida om felles etter- og vidareutdanning i vår region, vart fremja som eitt av suksesskriteriene for å lukkast. Fleire av kommunane har same type utfordringar innan utdanningssektoren og helse- og omsorg, og det er ein region som i stor grad er avhengig av industrien, reiselivet og offentleg sektor.
For å snakke om regionens utfordringar men også moglegheiter, var politikarar invitert, i tillegg til NAV Hardanger Voss, Voss Gymnas, næringssjef i Voss herad, assisterande styrar i Klausabakken barnehage i tillegg til studentar som har fylgt utdanning via HVK Studiesenter.
Framtidsretta utdanningar på plass
Utdanningstilboda HVK Studiesenter tilbyr skal vera basert på regionens behov. Det er difor ingen overrasking at to av dei komande utdanningstilboda er innan helse- og omsorg og utdanning.
Hausten 2024 startar HVK Studiesenter opp helseleiarutdanning i samarbeid med Høgskulen i Innlandet. Dette er ei praksisretta og fleksibel leiarutdanning for dei som er, eller ynskjer å bli leiar i helse- og omsorgssektoren. For kommunalt tilsette er denne utdanninga fullfinansiert via midlar frå KS og Statsforvalteren. I 2025 startar desentralisert barnehagelærarutdanning via Høgskolen på Vestlandet opp. Dette er ei fireårig barnehagelærarutdanning med samlingar i vår region, og ei utdanning me har jobba med i fleire år for å få plass.