Studiestart for barnehagelærare!

I dag markerte vi ein stor og gledeleg milepåle – studiestart for den arbeidsplassbaserte barnehagelærarutdanninga frå Høgskulen på Vestlandet, lagt til Odda!

Heile 34 studentar frå Ullensvang, Kvinnherad, Eidfjord, Voss og Kvam har no starta på sin bachelorutdanning, og vi kunne ønskje dei velkomne til eit spennande og viktig utdanningsløp.

Dagen blei høgtideleg markert med flotte ord frå ordføraren i Ullensvang, som ønskte studentane lukke til på reisa mot å bli barnehagelærarar. Det blei servert kake, delt ut studentgåver – og til og med fylkesordføraren hadde sendt ei personleg videohelsing for å heie på studentane.

Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang kommune

Høgskulen på Vestlandet løfta fram kor stor tyding denne utdanninga har – ikkje berre for den enkelte studenten, men òg for kommunane i regionen og for Vestlandet som heilskap. Dette er eit viktig bidrag til å sikre kompetanse, rekruttering og kvalitet i barnehagane våre.

Margareth Eilifsen, programleiar HVL

Studentane hadde si første undervising etter markeringa, og blir verande i Odda til fredag før dei møtest igjen til neste samling i Kvam i oktober.

Dette er ein stor dag og ei viktig milepåle for HVK Studiesenter – og vi gler oss til å følgje studentane på vegen mot fullført utdanning og nye moglegheiter!

Andre nyhende