Oppstart av andre året for barnehagelærarstudentane – for første gong på Voss

27 studentar frå heile regionen møttest på Idrottshuset til FBK Voss i dag. Det er første gong den arbeidsplassbaserte barnehagelærarutdanninga har samling på Voss.

16.09. starta andre studieår av den arbeidsplassbaserte barnehagelærarutdanninga (ABLU) frå Høgskulen på Vestlandet. Studentane kjem frå heile Hardanger,Voss og Kvinnherad, og jobbar i barnehage ved sida av studiet.

Nær naturen

I fjor gjekk samlingane i Odda og Kvam. I år vekslar undervisninga mellom Voss og Odda, og no var det Voss sin tur for første gong. I dei luftige, flotte lokala i Voss Idrottshus møttast dei til oppstart og feiring, som seg hør og bør.

På dag 1 var det tverrfagleg dag ute med friluftsliv på agendaen, med tema som fysisk forstring, naturfag og mat og helse. Då er det perfekt at naturen ligg rett utanfor – vakre Prestegardsmoen med skog, strandlinje og Vangsvatnet.

Mykje må riggast når ein klasse skal ha undervising ute, men Karen Klepsvik frå HVL har full kontroll

Kvifor gjer vi dette?

Nokre hadde med seg ekstra små følgjesvenner: to av studentane kom med baby! Kor kult er ikkje det? Det seier mykje om kven utdanninga er laga for, nemleg folk som har jobb og familieliv, og som er heilt avhengige av eit lokalt tilbod for kompetanseheving.

Eit samarbeid for regionen

ABLU kom i stand fordi kommunane i regionen, HVL og HVK Studiesenter gjekk saman om å få utdanninga på plass. Slike samarbeid betyr alt, og vi får til mykje når vi jobbar på tvers slik som dette. Det må og rettast spesiell takk til Henriette Gustavsen i Hardanger/Voss Kompetanseregion for arbeidet ho har gjort med koordinering mellom kommunane og med å skaffe lokale ⭐

Vi ønskjer studentane lukke til med andre året! 🎓

Helselederutdanning_HVK_Åsmund Aarsand_29

22 studentar i gang med helseleiarutdanninga på Voss

Digiemner haust EKSKLUSIV (1)

Vi treng di stemme om framtidas kompetanse

Fotokredit: Geir Geitle

To viktige utdanningar snart i gong på Voss

Sosial sone

Ny studentstove i Odda – ein stad for læring og fellesskap