Bedriftsbesøk hos Ineos Tyssedal

Fabrikk

Torsdag 11. juni var Amanda og Silje på bedriftsbesøk hos Ineos Tyssedal, saman med representantar frå Hydro, Elkem Bjølvefossen, Kvinnherad Næringsservice og Næringshagen i Ullensvang. Det vart ein lærerik dag med innblikk i ein av dei viktigaste industriverksemdene i regionen – og i samarbeidet som skal sikre framtidig kompetanse til industrien.

Dagen starta med ei omvising på smelteverket. Her fekk deltakarane sjå produksjonen på nært hald, og eit unikt innsyn i prosessane som ligg bak. Hjartet i verksemda er smelteomnen, der ilmenitt vert omdanna til jern og titanoksid. I omnen finst til ei kvar tid fleire hundre tonn flytande jern og titanslagg. Dette er imponerande dimensjonar – og eit klart døme på avansert industriell teknologi i praksis.

Tryggleik og HMS stod sentralt gjennom heile besøket. I ei slik produksjon er det avgjerande med strenge rutinar, og alle besøkande fekk utdelt fullt verneutstyr før dei gjekk inn i anlegget – noko bileta frå dagen viser tydeleg.

Ineos Tyssedal er eitt av berre seks ilmenittsmelteverk i verda, og det einaste i Europa. Her vert det produsert slagg med høgt innhald av titandioksid, som seinare vert foredla vidare og brukt som kvitt pigment i mellom anna maling, plast, papir, keramikk og hygieniske produkt. I tillegg produserer verksemda råjern med høg reinleik, som finn vegen til alt frå kumlokk og vindmølledelar til bildelar og ulike maskinkomponentar. Bedrifta har om lag 200 tilsette, og er ein viktig arbeidsplass i regionen.


Etter omvisinga møttest deltakarane til ei felles samling, der Fagskulen Vestland deltok digitalt. Her fekk alle presentere kven dei er, kva dei arbeider med, og ikkje minst korleis dei samarbeider for å sikre rett kompetanse til industrien. Frode frå Fagskulen Vestland gav ei innføring i industrifagskulen og bransjeprogrammet, og peika på aktuelle tilbod for kompetanseheving i industrien.
Amanda og Silje orienterte også om det gratis tilbodet gjennom studentstova, og løfta fram kor viktig det er å samarbeide tett med lokale verksemder. Gjennom dialog og kartlegging av kompetansebehov kan ein utvikle utdanningstilbod som faktisk treff det næringslivet treng. Bedrifter har òg høve til å vere med og skreddarsy opplæring som er tilpassa eigen kvardag og eigne behov.

Bedriftsbesøket gav både fagleg påfyll og styrkte relasjonar. Slike møteplassar er viktige for å bygge bru mellom industri og utdanning– og for å sikre at regionen står godt rusta for framtida.

DIGI illustrasjon 2_0

Førehandspåmelding til haustens DIGI-emne – sikre deg plass no!

social-aldring-og-helse

Nysgjerrig på vidareutdanning innan helse og omsorg? Bli med på digitalt informasjonsmøte 11. mai

Fellesbilde (5)

Fagleg påfyll og politisk synleggjering: Vellykka samling i Bergen

Upscaled with Gigapixel v8.4.4. 1456x816 => 5824x3264 (4x) Model: Standard V2, denoise: 0.6461566385922382, sharpen: 0.3659451183028342, decompression: 0.05667826431660699

Spennande utdanningar frå Fagskulen Vestland