Nye nettbaserte masteremne: Menneske og KI i samspel

Korleis kan menneske og kunstig intelligens spele på lag – i læring, arbeid og avgjerder? Det utforskar UiB i ei ny rekkje nettbaserte masteremne, og no kan du søke plass.

Centre for the Science of Learning and Technology (SLATE) ved UiB har utvikla tre tverrfaglege emne som ser på korleis menneske og KI samhandlar i ulike samanhengar. Du får verdifull og etterspurd kompetanse om etisk, berekraftig og ansvarleg utvikling av hybride system mellom menneske og teknologi.

Dei tre første emna går hausten 2026:

  • HAIS660 Introduksjon til menneske–KI-system – oppstart 1. september
  • HAIS662 KI for læring – oppstart 28. september
  • HAIS665 Dataanalyse – oppstart 20. oktober

Kort om opplegget:

  • Tre emne á 5 studiepoeng på masternivå
  • 100 % nettbasert, undervisning på engelsk
  • Deltid – kvart emne går over om lag 6 veker
  • 50 plassar per emne
  • Studieavgift kr 8 500,- per emne + semesteravgift kr 650,-
  • Opptakskrav: fullført bachelor og minimum to års relevant arbeidserfaring
  • Løpande opptak fram mot studiestart, så lenge det er ledige plassar

Du søkjer plass på kvart emne for seg, og vel sjølv om du vil ta eitt eller fleire. Det er ikkje nødvendig å ta det første emnet for å ta dei andre.

element5-digital-OyCl7Y4y0Bk-unsplash

Sjå haustens utdanningstilbod

Fabrikk

Bedriftsbesøk hos Ineos Tyssedal

DIGI illustrasjon 2_0

Førehandspåmelding til haustens DIGI-emne – sikre deg plass no!

social-aldring-og-helse

Nysgjerrig på vidareutdanning innan helse og omsorg? Bli med på digitalt informasjonsmøte 11. mai