Den som ikkje har meldt seg på, den må stå!

Kva vil du lære i 2027? 📚 Over 30 fleksible studium og emne startar opp frå no og fram til april. Dette er etter- og vidareutdanning for alle som treng eit kompetanseløft: på deltid, i hovudsak på nett, og mogleg å ta ved sidan av jobb og familieliv. 🔧 Industri, energi og bygg: lysbogerisiko, ombrukskartlegging,…

Read More

Dette tok vi med oss heim frå Influencer & SoMe Marketing 2026

Kva får folk til å stoppe opp? 14. oktober var HVK Studiesenter på konferansen Influencer & SoMe Marketing, som Kampanje arrangerte i Oslo. Det kan verke rart at eit studiesenter i Hardanger og Voss reiser på marknadsføringskonferanse? Grunnen er enkel: vi får ikkje kompetanseløft i regionen dersom folk ikkje veit kva dei ser etter og…

Read More

Tillit i ei ny tid

12. – 13. oktober var HVK Studiesenter med på Konferanse for høgare utdanning i Oslo, arrangert av HK-dir og NOKUT. Temaet var tillit: korleis han blir skapt og utfordra når læringsformene endrar seg, studentane blir fleire og meir ulike, og kunstig intelligens blir ein del av studiekvardagen. Tillit blir skapt mellom menneskeFilosofiprofessor Einar Duenger Bøhn…

Read More

Kompetansekartlegginga er klar!

No er kompetansekartlegginga klar, med rykande ferske tal! 250 verksemder i Hardanger, Voss og Kvinnherad har svart på kva kompetanse dei treng. Og det er innmari viktig for deg. HVK Studiesenter har betalt for undersøkinga, DU får rapporten gratis. Sjå berre her!

Read More

Studentstova på Voss: no bookar du via turistinformasjonen

Vi har flytta bookinga av Studentstova over til turistinformasjonen på Voss. Frå no av bookar du ved å sende e-post til info@visitvoss.no. Når du kjem, møter du hyggjelege Thea, Olesia, Amanda og resten av gjengen i resepsjonen. Dei hjelper deg gjerne og viser deg rundt. Velkomen innom!

Read More

Oppstart av andre året for barnehagelærarstudentane – for første gong på Voss

27 studentar frå heile regionen møttest på Idrottshuset til FBK Voss i dag. Det er første gong den arbeidsplassbaserte barnehagelærarutdanninga har samling på Voss. 16.09. starta andre studieår av den arbeidsplassbaserte barnehagelærarutdanninga (ABLU) frå Høgskulen på Vestlandet. Studentane kjem frå heile Hardanger,Voss og Kvinnherad, og jobbar i barnehage ved sida av studiet. Nær naturen I…

Read More

22 studentar i gang med helseleiarutdanninga på Voss

For første gong sidan 2005 blir helseleiarutdanninga gjennomført på Voss, og denne veka møttest 22 studentar til første samling på Hagahaugen. Dei kjem frå helsetenestene i Voss, Eidfjord, Ulvik, Ullensvang og Vaksdal, og er ei blanding av leiarar, tilsette og rådgjevarar. HVK Studiesenter er lokal arrangør, Voss herad er vertskommune (ekstra takk til Gullborg Osgjerd…

Read More

Nye nettbaserte masteremne: Menneske og KI i samspel

Korleis kan menneske og kunstig intelligens spele på lag – i læring, arbeid og avgjerder? Det utforskar UiB i ei ny rekkje nettbaserte masteremne, og no kan du søke plass. Centre for the Science of Learning and Technology (SLATE) ved UiB har utvikla tre tverrfaglege emne som ser på korleis menneske og KI samhandlar i…

Read More

Spennande utdanningar frå Fagskulen Vestland

No tilbyr Fagskulen Vestland fleire nettbaserte utdanningar og kurs som er utvikla i tett samarbeid med arbeidslivet – for deg som vil styrke kompetansen din utan å setje kvardagen på pause. Ikkje minst er fleire av dei gratis!

Read More